lørdag, 26 januar 2013 11:20

Minneord - Bakhita K. Nkofo - 1977-2013

Rate this item
(7 votes)

Det er med djup sorg miljøet i Oslo mottok meldinga om at Bakhita Nkofo er gått bort, berre 35 år gamal. Kystpartiet og serleg Kystpartiets ungdom har mist ein trufast støttespelar, Jacob har mist ei vakker og hjartevarm kona og Kristoffer har mist ei god mor.

Bakhita vart i 2003 engasjert av stortingsgruppa i samband med møte og konferansar, og vart snart ei av eldsjelene i Kystpartiets ungdom i Oslo. Der var ho gjennom alle dei 10 siste åra med i styret, anten i ungdomsavdelinga eller studentgruppa. I ei tid sat ho òg i sentralleiinga i KpU. Bakhita var med i Indre Oslofjord Fiskerlag og var ein viktig pådrivar når det vart gjort ei satsing for å promotera lite utnytta marine ressursar (LUR-artar) i samband med markeringane av Kystens Dag i Oslo. Ho var òg med i Nei-rørsla og meinte at reell solidaritet måtte byggja på at kvart folk hadde rett å til velja sin eigen veg - fri frå tvang og kolonialisme.

Bakhita såg til like med andre innflyttarar - til dømes nordlendingane i Oslo som skipa Håløylaget og telemarkingane som skipa Telelaget - at det å halda ved like og odla dei heimlege skikkane og kulturuttrykka var viktig for å møta andre mennskje og kulturar på ein god og open måte. Ho var derfor ein sentral drivkraft i skipinga og drifta av den Kamerunske foreininga i Oslo.
Bakhita var roleg og ikkje millom dei som sleit ut talarstolane. Ho var i staden sers flink til å leggja til rette for at andre skulle kunne fremja politikken utan å måtta bala med alt for mange praktiske detaljar.

For halvtanna år sidan fekk Bakhita diagnosen kreft. Ho hadde med seg trua på Jesus alt frå barneåra i Kamerun, og med denne sterke og faste trua på Jesus gjekk ho inn i kampen mot sjukdomen på ein verdig måte og med rak rygg.

Bakhita var trass i sjukdomen aktiv heilt fram til det siste. Seinast i førre veke var ho oppteken med planlegging av ein studietur for ungdom og studentar i KpU. Diverre vart ho sundag morgon mykje dårlegare og kroppen makta ikkje påkjenninga etter alle rundane med cellegift. Eit so alt for kort liv ebba ut sundag kveld, og tankane våre går til mannen Jacob og sonen Kristoffer.


For hovedkontoret Dag Berg
Og for hovedstyret partileder Bengt Stabrun Johansen

Read 9521 times Last modified on lørdag, 26 januar 2013 11:31