Som ein av dei som følgde denne ubåtjakta i 1972 på nært hald, veit eg at det gjekk to ubåtar frå basen i Polen og berre den eine vende attende.
Dette var dieseldrivne ubåtar som kunne føre atomvåpen. Det vart brukt fleire sjokkgranatar og senkeminer. Men hovudslaget stod ein søndag morgon mellom Vadheimsfjorden og Fuglsetfjorden. Måndag morgon såg folk på ferja Nordeide-Kongsnes eit oljeflak på fjorden. Etter dette var det slutt på eksplosjonar i sjøen. Litt seinare vart ein ubåt følgd ut Sognefjorden av 4 fregattar og gjekk deretter opp og ut Krakhellesundet.
Folk i området der som ikkje vil stå fram, har fortald meg at det gjekk ofte ubåtar ut og inn Krakhellesundet, også atomdrivne ubåtar. Etter 1972 var dette slutt.
Når Arne Hov og andre koplar ubåtsenkinga i Sognefjorden med minkande fiskemengd, så er dette neppe årsaka. Hovudårsaka til fisketom fjord er vasskraftutbyggingane og dei stadige steindumpingane i fjordane og andre giftige utslepp.
Det er berre Kystpartiet som har teke tak i denne saka. Dei andre partia er tause og kunnskapslause. Så vil du ha svaret på ubåtgåta og spørsmålet om fisk i Sognefjorden, så har du eitt parti å stemme på til Stortingsvalet, nemleg Kystpartiet.
Asbjørn Massnes, 1. kandidat for Kystpartiet, Sogn og Fjordane